Afterparty med DJ NoReQuesT
Afterparty med DJ NoReQuesT
Etter eit fantastisk dinnershow held festen fram utover natta! Vi inviterer deg til eit stemningsfullt afterparty med den karismatiske og energiske DJ NoReQuesT.
Afterparty med DJ NoReQuesT
Etter eit fantastisk dinnershow held festen fram utover natta! Vi inviterer deg til eit stemningsfullt afterparty med den karismatiske og energiske DJ NoReQuesT.
Dørene opnar kl. 22:30, og baren held opent heilt fram til kl. 02:00. Dette blir ein kveld fylt med gode vibbar, dans og musikk som held energien på topp – perfekt for deg som ønskjer å forlenge kvelden i godt selskap.
Merk: Du må ha eigen billett for å delta på afterpartyet.
Om DJ NoReQuesT
Kingsley Anowi, betre kjend som DJ NoReQuesT, er ein multitalent og ein ekte multitaskar. Som skodespelar har han medverka i fleire kjende produksjonar, mellom anna Varg Veum, Innocents, Ingen retur, STD – Oddfjold, Maples, den norskproduserte USA-serien Saving the Human Race, Mellom oss, og han vart nominert til Gullruten i 2018.
Som artist, låtskrivar og DJ har han samarbeidd med ei rekkje profilerte namn, inkludert Stian Blipp, Miss Tati, Sofie Blackman, Anna Sahara, Omar Noir, Myrna Braza, Didrik Thulin, Vegard Harm, Markus Bailey, Stig Van Eijk, Lars Vaular og Edilson The Drummer, blant mange fleire. Den nyaste singelen hans, “What We Know”, har blitt svært godt motteken av publikum. For andre året på rad har han òg vore jurymedlem i Hjerter i Sang (2025/2026).
Kingsley Anowi er ein artist mange bergensarar kjenner og set pris på, og musikken hans skaper gode vibbar gjennom heile kvelden.