page view image

Vinsmaking med Arne Egge

Opplev ein smakfull kveld!
Bli med på ei reise frå sprudlande bobler til elegante kvite og rause raude vinar – ei oppleving som kombinerer hygge, kunnskap og gode smakar.

Perfekt både for deg som er nyfiken og deg som vil fordjupe deg endå meir i vinens verd.

Informasjon
event image

Vinsmaking med Arne Egge
15. november
Kl. 17:00 Knutholmen 


Bli med på ei spanande reise frå sprudlande bobler, via elegante kvite vinar, til rause raude. Arne deler av si store kunnskap og lidenskap for vin, og tek deg med på ei oppleving som både engasjerer smakslaukane og gjev ny innsikt.

Perfekt både for deg som er nyfiken og deg som vil fordjupe deg endå meir i vinens verd.

Arne Egge er både sommelier og kokk, og han lever og åndar for vin. Med lang erfaring frå restaurantbransjen har han bygd opp ei unik forståing av korleis mat og vin spelar saman, og han elskar å dele denne kunnskapen med andre.

Når Arne ikkje står på jobb og skapar minneverdige smaksopplevingar, finn du han gjerne på reise frå vingard til vingard. Han oppsøker produsentar over heile verda for å lære, smake og hente inspirasjon. Denne lidenskapen tek han med seg heim – og det er nettopp den entusiasmen og erfaringa som gjer vinsmakingane hans til noko heilt spesielt.

🎟️ Billett: kr 490,-
(inkluderer 5 smakar)
Avgrensa plassar – sikre deg billett no!
18 års aldersgrense